torsdag 31. oktober 2013

Lenge sidan søndagsskulen?

Er det lenge sidan
du var på søndagsskulen?
Fyrstkomande søndag
har du sjansen
til å få ei stjerne
(eller ein fisk i garnet)
i

LITTERATURHUSET I BERGEN
 - 15:00, Olav H. Hauge


Søndagsskulen: Rasmus Rebellen


Eit sunnmørsk nasjonalepos

Rasmus Engelbrektsson Bust var bondeføraren, som i naudsåra rundt 1650 organiserte folket på Sunnmøre og i Romsdal til kamp mot aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. Han vaks opp i eit samfunn prega av overtru, armod og avmakt, særleg overfor dei lokale myndigheitspersonane, som kynisk utnytta bøndene sine manglande lese- og reknekunnskapar og deira store frykt for straffer og represaliar.

Øystein Orten har skrive historia om Rasmus i Rasmus Rebellen. Romanen blir fortald gjennom fostersonen hans, husmannen Aslak, som tek oss med frå hovudpersonen sin oppvekst i ei mørk og karrig kystbygd på slutten av 1500-talet til tøffe konfrontasjonar med embetsmenn og storkaksar i turbulente år med svolt, krig og svensk okkupasjon av Romsdal i 1658, noko som fører den uredde agitatoren nærare og nærare kanten av stupet. Orten har teke utgangspunkt i både skriftlege kjelder og munnleg tradisjon i forteljinga om den sunnmørske bondeføraren. No kjem han han til Søndagsskulen for å fortleje om småkårsfolkets kamp mot overmakta, om mannen som leia dei. 

Gratis.

Arrangør: Litteraturhuset

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar